mandag 13. juni 2011

Game over - No må Bergen få eit lovleg budsjett

Fylkesmann Lars Sponheim har på nytt avgjort at Mæland metoden for føring av kommunale budsjett er ulovleg. Frå før er 2010 budsjettet kjent ulovleg, no er også 2011 budsjettet ulovleg. Dermed er 2009 siste lovlege budsjett for Bergen kommune.

Byrådet må umiddelbart starte arbeidet med å få lagt fram eit loveleg budsjett for 2010. Dette må handsamast av bystyret så raskt som mogleg, om naudsynt på eit ekstraordinært bystyremøte i sommar. Bergen kommune kan ikkje leve utan eit godkjent budsjett. Sjølv om byrådet legg opp til det, vil ikkje vi i Senterpartiet vere så uansvarlege. Det er trass alt Bergensarane si velferd det handlar om.

Senterpartiet har vore med på alle tre lovlegkontrollar som har vore fremja i saka. To av desse har gått til fylkesmannen. Begge som har gått til fylkesmannen har no altså fått medhald. Når Senterpartiet støtta lovlegkontrollen var dette ikkje utifrå eit politisk ønskje om å spenne bein på byrådet, men at dette er fagleg rett ut frå gjeldande rekneskapsreglar for kommunar. Senterpartiet sat også i byråd i 2002, då mottok kommunen 1,4 milliardar i utbetaling. Alt blei den gong ført i investeringsrekneskapen, sjølv om kommunen gjekk med underskot og det kunne ha vore freistande å pynte på rekneskapen slik Mælandbyrådet no ulovleg har gjort. I følgje fylkesmannen var det også dei same reglane som gjaldt den gongen.

Byrådet har svart med å raljere med fylkesmannen, i staden for å ta innover seg at det er fatta lovlege og endelege vedtak i saka. Fylkesmannen har vore i tett dialog med departementet om saka. Ei klage til departementet vil berre å vere å påføre Bergen kommune og skattebetalarane ytterlegare kostnader, og framtidige budsjettjusteringar blir berre enno vanskelegare å gjennomføre.

Bjørdal avsluttar med at sakene vise tydeleg at byrådet har mista kontrollen og fører Bergen kommune ut i eit uføre som det vil ta fleire år å rette oppatt. Vi må få eit nytt fleirtal  i Bergen som med stø hand kan ta styringa i økonomien. Det kan ikkje vere slik at eit byråd kan bruke opp sparepengane og la komande bystyre måtte stramme inn livreima for halde få budsjetta i balanse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar