fredag 7. mars 2014

Privat forslag til bystyret: Auka fysisk aktivitet i skulen

Følgjande forslag er sent inn til bystyrets kontor i dag:

Fysisk aktivitet som tidlegare var en naturlig del av arbeid og daglige gjeremål, er i dag sterkt redusert. Mange born blir køyrd til skule eller fritidsaktivitetar i staden for å gå eller sykle. Mange born tek ikkje del i eit organisert fritidstilbod.
 
Helsedirektoratet har lagt fram tal på at 15 % niårige jenter er overvektige og 9 % av gutane på same alder er det.  Denne utfordringa må møtast, men med kløkt. Overdrive fokus på mat og kropp kan utløyse usunne haldningar i tidleg alder.  Ein god måte å møte dette på er gjennom auka fysisk aktivitet, gjerne gjennom leik og moro.

Helsemyndighetene rår til minst 1 time fysisk aktivitet for born og unge kvar dag. (Den raudgrøne regjeringa innførte i 2009 to veketimer fysisk aktivitet på femte og sjuande skuletrinn, og hausten 2012 valfaget fysisk aktivitet og helse).

Ved å innføre meir fysisk aktivitet i  skulen når ein alle born, og her kan ein byggje gode vaner for framtida. Bergen kommune bør ta mål av seg å vere ein føregangskommune på dette feltet.


Frå  2004 var  Trudvang skule i Sogndal med i eit forskingsprosjekt i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Alle elevane har hatt 60 minutt timeplanfesta dagleg fysisk aktivitet. Først som ein del av doktorgradprosjektet til Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, seinare som ein integrert del av undervisninga.

Ein har teke tid frå andre fag og erstatta denne tida med fysisk aktivitet.  I tillegg til å få betre fysisk form, kjem elevane styrka ut av dette fagleg, viser forskinga. Elevane som har vore med på daglig fysisk aktivitet har fått betre karakterar enn landsgjennomsnittet i norsk, engelsk og matematikk på nasjonale prøver i 8. og 9. klasse.
http://www.magasinett.no/artiklar/896-sogndal-i-teten

Eit anna døme er  Søndre land ungdomsskole der tilsette  og elevar har samarbeida systematisk for å integrere fysisk aktivitet og levevanar i planverket på skulen, kalla FYSAK. Resultatet har vorte eit betre læringsmiljø, betra konsentrasjon og færre konfliktar. I Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert tiltaket skildra:

«På Søndre Land ungdomsskole har de tatt 5 minutter fra hver undervisningstime for å

gjennomføre 30 minutter fysisk aktivitet hver dag (i tillegg til gym – timene). Hensikten er å øke puls og trivsel. Aktivitetene er lavterskelpreget, og skal nå alle. Deltakelsen er

obligatorisk både for elever og lærere. Elevene har stor påvirkning på hvilke aktiviteter som gjennomføres.

I en undersøkelse som skolen selv har gjennomført er om lag 95 % av elevene positive til

FYSAK. 70 % av elevene i 10. klasse mente at de lærte mer (til tross for at alle undervisningstimene er redusert med 5 minutter). I tillegg til bedre motorikk og utholdenhet sier elever og lærere at FYSAK har ført til bedre trivsel, bedre konsentrasjon og oppmerksomhet hele skoledagen. Økt matlyst, bedre læringsbetingelser og bedre samspill både mellom elevene, og mellom elevene og lærerne».


Skulen fikk Nasjonalt råd for fysisk aktivitet sin ”Aktivitetspris” i 2008.

I den politiske plattforma skriv byrådet at den vil «satse ytterlegare på fysisk aktivitet» i skulen, og at « idrett gir bedre folkehelse, bedre levekår, taleneter og opplevelse for alle»
Forslag:

Bystyret ber om at det vert lagt fram ei sak om etablering av ei forsøksordning på ein skule i kvar bydel etter mal frå skulane i Sogndal og Søndre Land. Etter forsøket skal det gjerast ei evaluering med sikte ei eventuell utviding av ordninga.