fredag 26. juni 2015

Byggjeprosjekt utan kontroll

Bergensavisen har 24. juni 2015 ein framifrå artikkel om overskridingane på byggeprosjekt i Bergen. Artikkelen byggjer på eit vedlegg til 1. tertialrapport for 2015, og det er første gong i nyare tid at byrådet gir eit så komplett oversyn. Det fortener byrådet honnør for.

Underteikna har etterlyst ei slik rapportering fleire gonger. Då eg kom inn i komité for finans hausten 2007 blei det ikkje gitt slik rapportering. Etter forslag frå underteikna vedtok eit samrøystes  bystyre i 2009 at ein årleg skulle få eit slik oversyn, med forklaring på vesentlege overskridingar. Eit slikt oversyn har vi ikkje fått før no.

Eg har etterlyst dette i munnlege spørsmål, kommentarar til saker og spørsmål og kommentarar i debattar. Frå ulike finansbyrådar har svaret vore at etaten ikkje har vore i stand til å rapportere på dette på grunn av manglande eigna rapporter i økonomisystemet.

I årsregnskapet til Bergen kommune har det vore vanskeleg å samanlikne prosjekt då rapporteringa har vore samla på tenesteområde, utan fordeling på igangverande og ferdigstilte prosjekt. Budsjettala har heller ikkje vore samanfallande med prosjekta, då dei inkluderte også ikkje påbyrja prosjekt.

Uansett er det bra at vi no har fått denne rapporteringa, sjølv om det tok lang tid. Rapporteringa viser det som er viktig, nemleg at det ligg føre store overskridingar. Nettopp av denne grunn har det vore viktig for oss i Senterpartiet å få desse tala på bordet. 

Kva då med alle dei åra vi ikkje har fått rapport på? Har byrådet lete vore å informere bystyret om desse avvika med grunngiving at systemet ikkje gir gode nok rapportar? Uansett er begge deler svært urovekkjande og lite tilfredstillande. Slik årsrekneskapen er lagt opp,  er dette lett å løyne  av i investeringsrekneskapen, finansiert med auka lån.

Byrådet har gjort ein del omorganiseringar i etaten. Dette er bra. Men meir må gjerast. Derfor treng Bergen eit nytt byråd med nye tankar og idear for å administrere dette området. Det sitjande byrådet har sett seg blind etter 12 år og evnar ikkje å skape tilstrekkeleg fornying.  

Årsakene er samansette, men dårleg planlegging og byggjeleiing er nok hovudårsaka. Finansbyråden har hatt ansvar for det finansielle, men står ikkje med ansvaret åleine.  Vi kan samle hovudtrekka i tre hovudpunkt:

Dårleg planlegging

Manglande eller svak spesifikasjon av kva prosjektet skal innehalde og korleis ein ynskjer sluttresultatet. Endringar kjem til undervegs.  Resultatet er dårleg detaljering og dårlege kostnadsestimat.

Svak leiing undervegs

Inga klar leiing underveis. Vi høyrer mange historier frå byggeplassar der fortvila personar freistar å finne ut kva kommunen vil.  Ingen i kommunen kan svare og så stoppar det opp.

Svak budsjett- og rekneskapskontroll
Slik BA si sak viser, og rapporten i 1. tertial, har budsjett og rekneskapskontrollen vore for dårleg. Svak eller manglande rapportering har medført at ein ikkje tidsnok har fått rapport på at prosjektet vert dyrare og tiltak kunne setjast i verk. Vidare har ikkje dette gitt rom for analyser av årsaker til overskridingane, kva som skulle ha vore gjort annleis og kva som kan gjerast betre neste gong. Ein god erfaring- og læringssirkel har mangla.


Det viktige no er å få ein god gjennomgang av korleis Bergen kommune handterer slike prosjekt og knesette ein god praksis. Dette er byrådet sitt ansvar. Bystyret skal sjå etter at dette blir gjort.