lørdag 13. august 2011

Opning av ein annleis valkamp


Det vart ei verdig opning av valkampen i Bergen, der alle partia deltok og dagleg leiar i Rafto, Therese Jebsen held ein tale som også gav ord til ettertanke.

Førstekandidatane både til bystyret og til fylkestinget tok del. For Senterpartiet var det viktig å få til ei slik markering. Derfor tok eg allereie 25. juli kontakt med ordførar Gunnar Bakke om dette, som med bakgrunn i dette inviterte gruppeleiarane til eit møte om saka. Det har også vore møte mellom Ap og byrådsleiaren om saka. Seinare vart det også klart at førstekandidatane til fylket tok del, sidan det også er eit fylkestingsval.
Markeringa vart ei fin og ein verdig overgang til ein valkamp. Ein valkamp som vi ventar blir  annleis enn det den brukar å vere og som vi vonar vil byggje på toleranse og respekt for at vi har ulike syn. Det er nettopp grunnsteinen i demokratiet.
Vi har alle rett til å meine og gje uttrykk for vårt syn. Samstundes ligg det i ytringsfridomen at den også gir den enkelte rett å gje uttrykk for at ein er usamd i den andre sitt syn. Ordvekslinga mellom ulike syn er nettopp den som skal finne stad i eit demokrati, for at vi alle saman skal finne fram til dei beste løysingane for samfunnet vårt.
Senterpartiet sin valkamp kjem også til å bli prega av bombeåtaket og drapa som skjedde 22. juli. Ikkje fordi vi meiner nokon anna enn før, men saker som før var veldig sjølvsagte, no blir viktige å snakke om.  Dette gjeld alt frå dei små trygge og gode lokalsamfunna, korleis vi byggjer lokaldemokratiet vårt, til korleis vi tek vare på naturen og kvarandre.  Kommuneøkonomi er framleis viktig, men ligg no langt i bakgrunnen i høve til meir eksistensielle spørsmål.
Senterpartiet vil jobbe hardt i valkampen med å få fram våre løysingar på dei utfordringar som kommunen har, frå å bygge små trygge lokalsamfunn til korleis kommunen som heilskap løyser sine oppgåver. Andre parti har funne andre løysingar, på dei same utfrodringaen. Det skal vi respektere. Saman finn vi fram til dei beste løysingane i den meiningsbrytinga vi skal ha både i valkampen og seinare i bystyret.
 
I Senterpartiet er det alltid kort veg frå veljar til statsråd. Dei gode
løysingane  finn vi nettopp gjennom god dialog.


Ha ein god valkamp, finn det partiet som Du vil røyste på og bruk røysteretten din!