tirsdag 7. januar 2014

Kva slag bybane treng vi?


Senterpartiet i Bergen gjekk på sitt medlemsmøte 10. desember 2013 inn for at bybanen bør gå i tunnel forbi Bryggen og med haldeplass under Christies gate.

Åsane er ein stor bydel i vekst. Folketalet er på linje med ein mellomstor norsk by. Det seier seg sjølv av vi må få på plass ei kollektivløysing som gir eit godt samband mellom Åsane og sentrum og som utgjer eit attraktivt alternativ til bruk av eigen bil. For å ta dei store massane av personar frå Åsane til Bergen sentrum ville ein rask metro eller forstadsbane gje den beste løysinga. Ei slik løysing vil måtte kome i tillegg til ei bybane som også dekkjer stoppa mellom Åsane og Bergen sentrum.

Vi ser det som lite realistisk at ein kan få bygd både forstadsbane og bybane. Sjølv om einskilde i byrådet i stille fora har lufta ei slik løysing, har heller ikkje dei våga å diskutere ei slik løysing høgt. Skulle derimot staten gje ein konkret lovnad på at dei vil byggje ei forstadsbane, ville det stille seg annleis. Ein slik lovnad ligg ikkje føre. Slik vi ser det må derfor ei bybane dekkje både lokaltrafikken og vere ei best mogleg løysing også for dei som reiser mellom sentrum i Åsane og Bergen. Valet av løysingar og trasse må derfor ivareta begge desse interessene.

I Bergen sentrum må banen vere lett tilgjengeleg frå store delar av sentrum, samstundes som det går raskare og den ikkje legg under seg store areal. Etter vårt syn dekkjer ei tunnelløysing dette best. Med Christises gate er det mogleg å byggje utgangar i fleire retningar. Verdfullt areal på gateplan er intakt og hemmar ikkje framtidig utvikling.

Senterpartiet ser for seg at Bryggen skal bli både bane- og bilfri. Vi ser at ein vanskeleg kan få bilane bort utan ei tunnelløysing . Men ei slik løysing må ikkje gje rom for auka trafikk gjennom sentrum. Ei tunnelløysing må derfor ikkje auke kapasiteten i høve til i dag og det bør vurderast bomvegløysingar som losar gjennomfartstrafikken gjennom Fløyfjellstunnelen.

Gjennom Sandviken ser vi for oss to alternative løysingar; ein langs sjøkanten og oppover mot motorvegen, den andre i tunnel under midtre delar av Sandviken. Byutviklingspotensialet er høgst langs sjøen, men for dagens innbyggjarar vil ein midtre trase gje best tilgjenge. Den vil også ha det minste arealbruken. Arealet langs sjølinja kan alternativt brukast til ein effektiv gang- og sykkeltrasse.

Vi har også vurdert alternativet med å lengje dagens Fløyfjellstunnel til Eidsvåg. For ytre Sandviken vil dette utan tvil gje ein gevinst å få motorvegen bort frå området og gje rom for verdfull byutvikling. Ei slik løysing vil koste ein del, samstundes som denne kan utløyse auka biltrafikk mot sentrum og auke dagens problem på Nygårdstangen og Danmarksplass.  Før det ligg føre ei realistisk løysing på det siste, finn vi ikkje å kunne tilrå ei slik løysing.

Forbi NHH så har alternativa som har vore utgreidd til i dag vore dagløysingar med tunnel før og etter. Vi vil tilrå at ein også får utgreidd å legge passeringa ved NHH under jorda. Dette vil gi ei bane som får eit flatare strekk, samstundes som inngangar frå Nyhamn og Hegreneset kan gje desse viktige utbyggingsområda ein tenleg tilgang til bybanen utan at bana må ta omvegar og bygg må rivast. Dei skisserte løysingane forbi NHH i dagen vil også leggje under seg areal som i dag er nytta eller kan bli nytta på meir verdfull måte enn som banetrasse

I Eidsvåg ligg motorvegen i dag og lagar eit skilje mellom øvre og nedre del. Området har potensiale for stor byutvikling i eit område som har gode bukvalitetar. Dersom ein også legg bybane i dagen langs motorvegen vil ein ytterlegare lage ei fysisk sperre. Vi har derfor spelt inn at vi ynskjer vurdert andre løysingar som stopp i tunnel, gjerne kombinert med at motorvegen blir lagd i lokk. Dette vil sikre området som eit rikt utviklingsområdet. Vi ser for oss at det kan vere utbyggjarar som ynskjer å vere med på å finansiere ei slik løysing.

Senterpartiet vil i utgangspunktet verne grøntareal som Åstveit. Tertneskrysset er eit området som kan byggjast ut med nye bustader dersom motorvegen vart lagt under lokk.  Ei baneløysing her vil gje godt kollektivsamband. Vi ser også her for seg at utbyggjarar kan vere interesserte i å vere med på ei medfinansiering av å legge motorvegen under lokk. 

Bybanen må ligge slik at den er gunstig å bruke også for dei som bur nær Åsane senter og handlande på Åsane senter. Best tilgjenge vil ein få med ein bane som ligg i dagen. Vi har registrert at det er skepsis til dette frå eigarane av Åsane senter, samstundes som ein bane i dagen vil måtte køyre i låg fart av omsyn til trafikktryggleiken. Ein ny terminal på C-tomta vil leggje beslag på område som er avsett til buareal og vil flytte haldeplassen lenger unna kjøpesenter og dagens buområde.  Det er i dag planar som å bygge underjordisk parkeringsanlegg under Åsane senter. Vi vil derfor be om at det også blir vurdert å leggje bybanen under jorda i tilknyting til dette anlegget. Dette vil betre tilgjenge for handlande på Åsane senter og kan også gje rom for å utvide butikkarealet under jorda. Dersom Åsane Senter vil medverke også finansielt til ei slik løysing vil dette kunne vere overkomeleg.

Bybanen bør realiserast heilt til Vågsbotn. Dette er den mest realisistiske måten ein kan sikre bygging av gode innfartsparkeringsplassar for trafikk frå nord utan at desse står i konkurranse med eksisterande tiltak og kjøpesenter.

Heller ikkje Senterpartiet har avgrensa økonomiske midlar å bruke på ein bybane. Men vi ser det som viktig at alle gode alternativ er godt utgreidde. Løysingar som isolert sett for bybanen verkar dyre, kan ha i seg samfunnsmessige verdiar som gjer dei til dei beste løysingar. Svara på dette får vi ikkje utan at dei blir utgreidde og sette i samanheng med dei områda som dei skal tene.

Ei bybane til Åsane er også ei kollektivløysing som skal vare i eit langt tidsperspektiv.  Ein bør freiste å sjå kvar byen er om 50 til 100 år når løysingar skal veljast. Løysingar som er dyre i dag, treng heller ikkje å vere det når ein reknar levetidskostnad. Vi er redd at ei løysing i dagen gjennom sentrum og i Åsane er løysingar som blir mellombelse og som om nokre år vil krevje nye investeringar og alternative løysingar. Då er det dyrt å byggje for kort sikt i dag og måtte reinvestere i dyrare løysingar i framtida. Vi synes derfor det er synd at ein i første utgreiinga har i stor grad har avgrensa valde løysingar utan å vurdere alternativ som kan vere betre på sikt.

Senterpartiet ser fram til at utgreiing av dei alternativa vi har peika på. Vi vil ikkje låse oss til løysingar, men vere konstruktive til å finne dei beste løysingane for byen og Åsane i lang tid framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar