søndag 26. juni 2011

Byrådsleiaren er likesæl til bystyret!


Kva hadde skjedd om statsministeren hadde prioritert eit møte i partiet framfor debatten i Stortinget om revidert nasjonalbudsjett?
I kjølvatnet av opposisjonen sine to lovlegkontrollar på Byrådet sin bruk av det som av byrådet blir omtalt som "ekstraordinært BKK utbytte" (eigentleg tilbakebetalt innbetalt kapital, innbetalt av Statkraft), valde Byrådsleiar Mæland å gå til åtak på fylkesmann Sponheim. Sponheim har gjort jobben sin embetsmann, i tråd med si fagavdeling og i samråd med departementet.

Dei som tok opp problemstilinga, som leverte lovlegkontrollen og som er hennar motstandardar i valkampen har ho vald å ikkje ville diskutere med. Dette toppa seg når saka kom til handsaming i bystyret. Då valde byrådsleiaren å prioritere eit partimøte og eit styremøte i KLP fondsforvaltning, framfor å møte i byens øvste politiske organ. Det er lett å tenkje seg at ho ikkje vil bli kopla til denne saka i bystyret og derfor held seg klokleg unna. Men kva hadde skjedd om statsministeren hadde prioritert eit møte i partiet framfor debatten i Stortinget om revidert nasjonalbudsjett?

I staden held Byrådsleiaren og byrådet fram kampen mot Sponheim som ein fiende det høver betre for byrådet ha, enn opposisjonen i bystyret. For å setje ein ekstra spiss på dette, valde gruppeleiaren for det største byrådspartiet i bystyremøtet  å trekkje kortet om korrupsjon i saka.Begge er vel vitande om at Sponheim er ein meir taktisk fiende å ha overfor veljarane i Bergen, enn opposisjonen i bystyret. Bystyret er byrådsleiaren likesæl til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar