I morgondagens møte i finanskomiteen vil Senterpartiet forslå å sende både årsrekneskapen og budsjettjusteringane for 2011 attende til byrådet med melding om å legge fram ein rekneskap og eit budsjett som er i samhøve med kommunelov, forskrifter og god kommunal rekneskapsskikk.
Eg har brukt kvelden og tidleg natt til ein siste gjennomgang av siste årsrekneskap for Bergen kommune. Dette saman med fylkesmannens siste avgjer syner ein kommuneøkonomi som er ute av kontroll. I tillegg har byrådet lagt fram 1. tertial med prognosar for 2001. Dei syner at byrådet styret mot eit underskot i underkant av 300 millionar.
Kva gjer så byrådet med dette? Dei stikk hovudet i sanden og ber om at departementet skal kome å redde dei frå ein vanskeleg fylkesmann. Dette i staden for å sjå at dei sjølve har gjort ei grov feilvurdering av saka og bør leggje om kursen før dei fører Bergensarane utfor stupet.
Ein vis mann sa ein gong, forlat dei ikkje for dei veit kva dei gjer. Om byrådet i Bergen kan vi seie det same.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar