søndag 8. juli 2012

Rentefrådrag og symmetri i skatteretten

Det har vore eit grunnleggande prinsipp i norsk skatterett i lange tider at det skal vere symmetri mellom begge partar i ein avtale. Når arbeidsgivar utbetalar løn så har han frådrag for dette mot at arbeidstakaren er skattepliktig for løna. Aksjeutbytte har ikkje frådrag hjå utbetalande selskap (rett nok utbetalt av skattlagd kapital), men i er i all hovudsak skattepliktig for mottakar.

Tilsvarande er det og har det vore for renter. Renter på bankinnskot får banken trekke frå og er skattepliktig for mottakar (innskytar). For lån har låntakar frådragsrett i sin skatt og banken må skatte av rentene den tek i mot. Å fjerne eller avgrense rentefrådraget for gjeldsrenter vil vere å bryte dette prinsippet. Då vil banken måtte betale skatt på mottekne renter, men låntakar får ikkje frådrag. Altså ei form for dobbelskattlegging.
Tilsvarande kan ein då stille spørsmål ved om ein skal gjere det same for bankkontoar? Banken får ikkje frådrag for renter på innskot, men innskytar må betale skatt på mottekne renter.
Totalt sett vil dette medføre at bankane vil måtte auke sin rentemargin som udiskutabelt vil medføre høgare lånerenter enn marknaden elles ville tilseie. Har ein då vunne noko for gje fleire råd til bustad?

Ein må sjå denne saka fleire ledd enn det som ein så langt har sett i debatten.


Fins det alternative verkemiddel?

Skal ein hindre prispress av spekulasjon så er alternativet å skattlegge ikkje primærbustad hardare. Herunder gevinst ved sal av slik bustad. Alternativet er å fjerne gevinstskatt på sal av primærbustad ved reinvestering i ny bustad slik Sverige har.

Før vart ein irekna ein fordel ved å bu i egen bustad. Utrekna som ein prosent av likningsverdien. Fordelen vart rekna som fordel vunne ved eigedom ved at ein sparte leigeutgifter som ein som var leigetakar hadde. Husleige har som kjent ikkje frådragsrett for private. Dei her heller ikkje skattepliktig for den som ikkje driv utleige som næring (eller eit vist omfang).

Då ein fjerna fordelsskatten ved å bu i eigen bustad skulle symmetrien ha tilsagt at ein fekk frådrag for husleigekostnader. Slik vart det som kjent ikkje. Å ta i bruke slike verkemiddel vil verke meir utjamnande enn å bryte symmetrien i rentefrådraget.

For ordensskuld, personleg har eg ikkje rentekostnader per i dag og vil ikkje tape på at rentefrådraget blir tatt bort. Eig også berre ein bustad og har ikkje hytte.

Uansett, den viktigaste årsaka til prisauken på bustader er uansett for liten tilgang på bustader i pressområde og at rentenivået er unaturleg lågt. Rentefrådrag eller ikkje her mindre effekt.