søndag 8. juli 2012

Rentefrådrag og symmetri i skatteretten

Det har vore eit grunnleggande prinsipp i norsk skatterett i lange tider at det skal vere symmetri mellom begge partar i ein avtale. Når arbeidsgivar utbetalar løn så har han frådrag for dette mot at arbeidstakaren er skattepliktig for løna. Aksjeutbytte har ikkje frådrag hjå utbetalande selskap (rett nok utbetalt av skattlagd kapital), men i er i all hovudsak skattepliktig for mottakar.

Tilsvarande er det og har det vore for renter. Renter på bankinnskot får banken trekke frå og er skattepliktig for mottakar (innskytar). For lån har låntakar frådragsrett i sin skatt og banken må skatte av rentene den tek i mot. Å fjerne eller avgrense rentefrådraget for gjeldsrenter vil vere å bryte dette prinsippet. Då vil banken måtte betale skatt på mottekne renter, men låntakar får ikkje frådrag. Altså ei form for dobbelskattlegging.
Tilsvarande kan ein då stille spørsmål ved om ein skal gjere det same for bankkontoar? Banken får ikkje frådrag for renter på innskot, men innskytar må betale skatt på mottekne renter.
Totalt sett vil dette medføre at bankane vil måtte auke sin rentemargin som udiskutabelt vil medføre høgare lånerenter enn marknaden elles ville tilseie. Har ein då vunne noko for gje fleire råd til bustad?

Ein må sjå denne saka fleire ledd enn det som ein så langt har sett i debatten.


Fins det alternative verkemiddel?

Skal ein hindre prispress av spekulasjon så er alternativet å skattlegge ikkje primærbustad hardare. Herunder gevinst ved sal av slik bustad. Alternativet er å fjerne gevinstskatt på sal av primærbustad ved reinvestering i ny bustad slik Sverige har.

Før vart ein irekna ein fordel ved å bu i egen bustad. Utrekna som ein prosent av likningsverdien. Fordelen vart rekna som fordel vunne ved eigedom ved at ein sparte leigeutgifter som ein som var leigetakar hadde. Husleige har som kjent ikkje frådragsrett for private. Dei her heller ikkje skattepliktig for den som ikkje driv utleige som næring (eller eit vist omfang).

Då ein fjerna fordelsskatten ved å bu i eigen bustad skulle symmetrien ha tilsagt at ein fekk frådrag for husleigekostnader. Slik vart det som kjent ikkje. Å ta i bruke slike verkemiddel vil verke meir utjamnande enn å bryte symmetrien i rentefrådraget.

For ordensskuld, personleg har eg ikkje rentekostnader per i dag og vil ikkje tape på at rentefrådraget blir tatt bort. Eig også berre ein bustad og har ikkje hytte.

Uansett, den viktigaste årsaka til prisauken på bustader er uansett for liten tilgang på bustader i pressområde og at rentenivået er unaturleg lågt. Rentefrådrag eller ikkje her mindre effekt.

søndag 24. juni 2012

Alkoholpolitikk - saka med vonde tær

Før ølpol og seinare butikksal av øl kom i mange kommunar, var det slik at ein måtte bestille ein heil kasse med øl på t.d. Hansalageret ei veke i forkant. Dette sjølv om ein eigenteleg berre villa ha 3 flakser. Dette medførte bevisleg at det auka ølforbruket. Etter at ein hadde drukke dei flaskene som ein eigentleg ville ha, så stod resten av kassen der og freista. Konsekvensen var at det samla ølforbruket auka.

Kartongvinen har hatt same effekt for mange og har auka forbruket. Om medisinen mot dette er å forbyden, er ei heilt anna sak. Eg trur ikkje det. Men Toppe fortjenar ros for å våge å ta opp ein debatt som andre ikkje vågar.

Eg er samd i at det primært byrjar med eigne haldningar. Men ikkje alt er like lett å styre. Alle som har freista å slanke seg veit kor lett det er å blir freista av maten i kjøleskapet... Det blir litt det same med den vinkartongen som står der, å ta ein glas i kveld også, så neste kveld osv.

Korleis er det så med våre eigne haldningar til å våge å diskutere eigen alkoholbruk, utan at vi vi føler at vi blir trakka på tærne? Trø oss ikkje for nære, raudvinglaset vil vi ha i fred.

Ein kan diskutere røyk, snus, narkotika, men nemner vi alkoholen, då hyler mange av oss i kor. Er det fordi vi kjenner vi har eit problem med vårt eige forbruk som ingen andre skal bry seg med?

Håper vi frametter kan diskutere fordomsfritt kvifor Jeppe drikk meir, og ikkje kva han drikk av.
Sjølvinnsikt er første steg til å endre eigne haldningar. Då må må vi våge å diskutere alkohol utan vonde tær.

lørdag 10. mars 2012

Miljøgifter i kunstgrasbaner

Følgjande interpellasjon er i dag oversendt bystyrets kontor:
(Takk til Os Senterparti v/ Einar Vevatne for god hjelp)
Senterpartiet er svært opptekne av eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Vi vil difor rette fokus på bruk av gummigranulat frå gamle bildekk i kunstgrasbaner av plast.  

Granulat i plastgrasbaner inneheld meir enn 60 ulike kjemiske stoff, deriblant PAH - bindingar, og det blir brukt svært store mengder slike gummigranulat på idrettsplassar og leikeplassar.

PAH - bindingar står for Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), ofte kalla for tjørestoff.  Dette stoffet blir blant anna brukt som mjuknar i bildekk. PAH- bindingar kan medføre svært negative helseeffektar, då dei er giftige og fleire av dei er kreftframkallande. Miljøverndepartementet har fastsett forbod mot bildekk med PAH­ bindingar frå 1. januar 2010 http://www.regjeringen.no/nn/dep/md/dokument/NOU-ar/2010/nou-2010-9.html?id=622877

Trondheim kommune har starta arbeidet med å kartlegge miljøgiftene og har så langt lagt ut ei tilråding på sine heimesider om ikkje å nytte kunstgrasbaner som inneheld resirkulerte bildekk. Etter det Trondheim kommune kjenner til er det berre utført kjemiske analyser av ei prøve av støytdempande matter i Noreg, og fem prøver av gummigranulat frå kunstgrasbaner

Analysane indikerer at begge typar produkt av resirkulert bildekk har et høgt innhald av HA - oljar (Høg Aromatiske oljar) som også er helsefarlig, PAH - bindingar, sink, krom og et moderat innhald av fenolar. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.7877211

NIVA (Norsk Institutt for vassforsking) har konkludert med at fleire av giftene i resirkulerte gummigranulat fordampar til luft, mens andre lek til underliggjande jord og vidare til næraste vassdrag. http://www.niva.no/rapport?7C2024AAC9776E9FC125730A0066B974

Ifølge NRK har NILU (Norsk institutt for Luftforsking) undersøkt innelufta i tre innandørs kunstgrasbaner. Dei finn at bruk av gummigranulat frå oppmalte bildekk fører til en betydeleg belasting på innemiljø/klima.

Sålen i kunstgrasmatta drenerer ikkje slik som ei naturgrasbane eller grusbane. Derfor blir m.a. spytt, blod og snus liggande. Ved fall kan dette virvlast opp og komme i kontakt med luftvegar og kropp. 20. september 2008 kalla fagforbundet for fotballspelarar NISO kunstgrasbaner for smittebomber som fylgje av spytt, blod og sveitte. Der det ligg friidrettsbaner rundt kunstgrasbanane vil desse også vere råka av same miljøpåverknaden frå granulat som fortballspelarane. I følgje opplysningar frå idrettsseksjonen i Bergen kommune blir det sagt at det forsvinn om omlag eitt tonn granulat per bane per år, og dette må erstattast. Det vil seie at det forsvinn bortimot 1000 tonn oppmalte bildekk kvar år i Noreg.

Undersøkingar viser også at spelarar meiner kunstgraset er gått ut etter berre 2 år, samt at skadefrekvensen er langt høgare enn ved bruk av naturgras. http://www.niso.no/innhold/131/news-detail/nyheter/newsitemid/17315/niso-unders%F8kelsen-2009%3A-kunstgress-har-to-%E5rs-holdbarhet?redir=internal

Kunstgras er spesialavfall og skal avhendast etter eiga forskrift. Det kan virke forlokkande å ta i mot billeg og utrangert kunstgras, men når private lag og organisasjonar i kommunane tek i mot gamle kunstgrasbaner til ballbingar, leikeplassar og baner står vedkomande kommune igjen med det økonomiske ansvar for destruksjon. Det kan bli kostbart. I tillegg kan det vere brot på forbodet frå Miljøverndepartementet av 1. januar 2010 mot å bygge brukte kunstgrasbaner med gamle gummigranulat frå bildekk med PAH då dette vert å sjå på som eit nytt tiltak. Gamle kunstgrasdekker skal destruerast, og ikkje skjærast opp og nyttast i barn og unge sine fysiske nærområde. Brukt kunstgras er spesialavfall og skal avhendast etter eigen forskrift. Då dette handlar om barn og unge sitt oppvekstmiljø, må det stillast krav til leverandørar om å levere eit produkt som stettar strenge miljøkrav.

Vi meiner det må vere krav om datablad som fortel kva som er i kunstgraset.

Trondheim kommune har fått støtte frå Klima og Forureiningsdirektoratet (KUF) til å gjennomføre ei utvida undersøking av miljøgifter i fallunderlag og underliggande jord.

Spørsmål:

Kan byrådet opplyse om kor mange kunstgrasbaner som er etablert i Bergen kommune, inkludert private?

Har Bergen kommune datablad på alle kunstgrasbaner i Bergen? I så fall, kan byrådet seie noko om kva tilstand desse er i med omsyn til opphav og miljøgifter?

Vil byrådet vurdere å stoppe etablering av kunstgrasbaner til KLIF har lagt fram si analyse av tilhøva?

Forslag til vedtak:

Bystyret ber byrådet leggje fram ei sak om tilstanden på kommunen sine eigne kunstgrasbaner og dei som kommunen har tilsyn med. I denne saka bør det også takast med der gamle kunstgrasbaner har blitt brukt til anna formål (ballbingar, leikeplassar o.l.) Med bakgrunn i gjennomgangen ber bystyret om at byrådet fremjar forslag til aktuelle tiltak dersom og der dette er nødvendig.

lørdag 3. mars 2012

"- Orsak byråd, men vi stolar ikkje på deg!"

Slik verka bodskapen frå byrådspartia for mange av oss i opposisjonen på siste bystyremøte. I dag eig og driv Bergen kommunale bygg (BKB) dei fleste skulane i Bergen. BKB er etter valet leia av finansbyråd Liv Røssland (Frp). (Før valet av byråd Øistein Christoffersen (Frp)). Skulebyråden som etter valet har vore Harald Hove (H) har ansvar for innhaldet i skulen og leiger bygga av byrådskollega Røssland. For dette fakturerer Røssland leige til byråd Hove. Ein stor del av denne leiga er meint å skulle dekke laupande vedlikehald som byggeigar Røssland har ansvar for.

På bystyremøtet vedtok byrådspartia med støtte frå Venstre å bygge nye Landås skole som eit offentleg privat samarbeid (OPS). Det vil seie at ein privat aktør bygg og leiger dette ut til kommunen i staden for BKB. Grunngivinga frå byrådspartia var at ein privat aktør vil vedlikehalde bygget betre enn kommunen då kommunen sjølv ikkje vil bruke husleiga på vedlikehald.  

I dette ligg det ein direkte kritikk av byråd Røssland og hennar forgjengarar. Byråd Hove vil ikkje leige av byråd Røssland for ho brukar leiga, som byråd Hove betalar til byråd Røssland, til andre ting enn å halde vedlike skulebygga byråd Hove leiger av byråd Røssland. Ein tydelegare uttykt mistillit til eigen byråd skal vi leite lenge etter.