tirsdag 7. januar 2014

Reklamebyen Bergen, nei takk!

Innføring av reklame er eit vesentleg inngrep som vil endre vårt eige nærområde. Det vil endre ein by eller eit område sin profil. Allemannsretten og det offentlege rom, som felles eigedom, er grunnleggande verdiar i planlegginga av byen vår. Senterpartiet går derfor mot å gje annonsørar rett til å bruke vårt felles byrom til reklameplass.
 
Senterpartiet er i mot ein reklamefinansiert kollektivtrafikk. Vi ser med uro på at fleirtalet i fylkestinget likevel vil opne for reklame i det historiske sentrum. Vi er likevel mest urolege for det som vil skje elles i byen. Med totalt 500 faste reklameflater langs busstopp i heile kommunen, vil barn og unge i bydelane møte reklameflater i nærmiljøet og på skuleveg. Slik har det ikkje vore til no. Vil vi ha det slik i buområda våre? I saksutgreiinga vert det hevda at det er fleirtal for slik reklame, gitt at det gir betre vedlikehald av leskur og eit betre kollektivtilbod. Men er barn og unge spurde i denne saka? Og vil det gi eit betre kollektivtilbod? Det er ikkje godtgjort i saka. Vi stiller og tvilande til at det reelt sett er eit fleirtal.
 
Norske tv kanalar har forbod mot rette reklame mot barn. Det er mogleg ein også kan forby slik reklame i byromet, men barn og unge vil uansett bli utsette for ei auka eksponering. Vi har eit samfunn som stadig meir er dyrkar fram eit kroppsideal som ikkje er i samhøve med ein normal kropp. Fokuset på kropp gjer at mange unge utviklingar eit usunt forhold til mat og overdriven slanking. Eit ytterlegare steg på reklameskruen vil auke dette presset. Sett frå eit miljøperspektiv er heller ikkje auka kjøpepress noko som står i stil med det miljøvennlege alternativet kollektivtrafikken er og ynskjer å stå fram som.
 
Innføring av reklame vil også vere eit historisk brot mot gjeldande skiltvedtekter. I følgje vedtektene skal bustadområde vere reklamefrie. Dette gjeld også for parkar og grøntområde og område som grensar til slike.  I sakutgreiinga til fylket vert det trekt fram at det er ikkje talet på påstigande passasjerar som er viktig for reklameplasseringa, men talet på passerande bilistar. Dette reiser også eit trafikktryggingsspørsmål. 

I det debatten blir det trekt fram at Bergen er «nokke for seg sjølv». At andre byar i Noreg har nytta seg av reklamefinansiering er ingen grunn til at Bergen skal gjere det same, heller det motsette. Bergen treng ikkje å gjere same feila som andre har gjort før oss.

Bybanen fekk i 2012 Vegdirektørens vakre vegars pris. I juryen si grunngiving  heiter det «målsettingene i prosjektets designprogram er gjennomført på en overbevisende måte. Markbelegg, kanter, tunnelportaler, plattformer, lêskur, kontaktledningsmaster m.m har god form, farge og materialbruk og utgjør til sammen en helhetlig design.» Ei innføring av reklame på bybanevonger (ute og inne) og på leskur vil ikkje leve opp til juryen si grunngiving for prisen.  Tvert imot tvilar vi på at Bybanen ville fått prisen dersom verket hadde vore «pynta» med reklame.
 
Tide hadde reklame på sine bussar før Skyss varet etablert. Ved opprettinga av Skyss vart dette fjerna og Skyss står i dag fram som eit heilskapleg varemerke for Hordaland fylke, med ein rein visuell profil.  Innføring av reklame vil gjere varemerket mindre tydeleg og redusere verdien av varemerket.   

Tilhengarane av reklame framstiller «reklamefinansieringa» som gratis. Det er den ikkje. Vi betalar alle for reklamen gjennom ein høgare pris på dei varene og tenestene som vil blir «lokka» til kjøpe.

Reklame i byromet var sist oppe i 2005 og bystyret avviste då ein slik avtale, etter at Senterpartiet først hadde føreslått ei utsetjing av saka.  Når ein no tek oppatt denne saka, meiner Senterpartiet i Bergen og Hordaland at folket må få seie si meining og fekk gjennomslag i både samferdselsutvalet og fylkesutvalet for dette.  Det er i vårt byrom og våre buområde reklamen skal stå i. Det er ikkje reklame du kan reservere deg mot eller velje bort. Ein avtale vil gjerne vare i minst 10 år og ikkje lett å gjere om før tida er omme. 19 årlege millionar er ikkje nok til å gjere om Bergen til eit reklamerom.
 
Det store folkelege engasjementet frå 2005, og som vi ser starten på i dag, fortener å bli høyrd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar