Fysisk aktivitet som tidlegare var en naturlig del av
arbeid og daglige gjeremål, er i dag sterkt redusert. Mange born blir køyrd til
skule eller fritidsaktivitetar i staden for å gå eller sykle. Mange born tek
ikkje del i eit organisert fritidstilbod.
Helsedirektoratet har lagt fram tal på at 15 % niårige jenter er overvektige og 9 % av gutane på same alder er det. Denne utfordringa må møtast, men med kløkt. Overdrive fokus på mat og kropp kan utløyse usunne haldningar i tidleg alder. Ein god måte å møte dette på er gjennom auka fysisk aktivitet, gjerne gjennom leik og moro.
Helsemyndighetene rår til minst 1 time fysisk
aktivitet for born og unge kvar dag. (Den raudgrøne regjeringa innførte i 2009
to veketimer fysisk aktivitet på femte og sjuande skuletrinn, og hausten 2012
valfaget fysisk aktivitet og helse).
Ved å innføre meir fysisk aktivitet i skulen når ein alle born, og her kan ein byggje
gode vaner for framtida. Bergen kommune bør ta mål av seg å vere ein
føregangskommune på dette feltet.
Frå 2004 var Trudvang skule i Sogndal med i eit forskingsprosjekt i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Alle elevane har hatt 60 minutt timeplanfesta dagleg fysisk aktivitet. Først som ein del av doktorgradprosjektet til Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, seinare som ein integrert del av undervisninga.
Ein har teke tid frå andre
fag og erstatta denne tida med fysisk aktivitet. I tillegg til å få betre fysisk form, kjem
elevane styrka ut av dette fagleg, viser forskinga. Elevane som har vore med på
daglig fysisk aktivitet har fått betre karakterar enn landsgjennomsnittet i norsk,
engelsk og matematikk på nasjonale prøver i 8. og 9. klasse.
http://www.magasinett.no/artiklar/896-sogndal-i-teten
Eit anna døme er Søndre land ungdomsskole der tilsette og elevar har samarbeida systematisk for å
integrere fysisk aktivitet og levevanar i planverket på skulen, kalla FYSAK. Resultatet
har vorte eit betre læringsmiljø, betra konsentrasjon og færre konfliktar. I Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet
og friluftsliv vert tiltaket skildra:
«På
Søndre Land ungdomsskole har de tatt 5 minutter fra hver undervisningstime for
å
gjennomføre 30 minutter fysisk aktivitet hver dag (i tillegg til
gym – timene). Hensikten er å øke puls og trivsel. Aktivitetene er
lavterskelpreget, og skal nå alle. Deltakelsen er
obligatorisk både for elever og lærere. Elevene har stor påvirkning
på hvilke aktiviteter som gjennomføres.
I en undersøkelse som skolen selv har gjennomført er om lag 95 %
av elevene positive til
FYSAK. 70 % av elevene i 10. klasse mente at de lærte mer (til
tross for at alle undervisningstimene er redusert med 5 minutter). I tillegg
til bedre motorikk og utholdenhet sier elever og lærere at FYSAK har ført til
bedre trivsel, bedre konsentrasjon og oppmerksomhet hele skoledagen. Økt
matlyst, bedre læringsbetingelser og bedre samspill både mellom elevene, og
mellom elevene og lærerne».
Skulen fikk Nasjonalt råd for fysisk aktivitet sin ”Aktivitetspris” i
2008.
I den politiske
plattforma skriv byrådet at den vil «satse ytterlegare på fysisk aktivitet» i
skulen, og at « idrett gir bedre folkehelse, bedre levekår, taleneter og
opplevelse for alle»
Forslag:
Bystyret ber om at det vert lagt fram ei sak om etablering av ei
forsøksordning på ein skule i kvar bydel etter mal frå skulane i Sogndal og
Søndre Land. Etter forsøket skal det gjerast ei evaluering med sikte ei
eventuell utviding av ordninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar