onsdag 20. juli 2011

Det er regn, det er sommar, det er toalettmangel i Bergen


(54 dagar att) Like sikkert som at det er regnar i Bergen kvar sommar, kjem meldingane om toalettmangel. Slik også i gårsdagens BA. Kvar sommar lovar også byrådet at det skal ordne seg.

Senterpartiet har ved fleire høve teke opp dette i bystyret. Vi har jamvel vist til andre vesentleg større byar der dei har løyst dette må ein teneleg måte med enkeltståande toalettbygg kopla på avløpsnettet. Slik som dette til venstre på Medborgarplassen i Stockholm, bilete teke i fjor sommar. Toalettet var reint og hygienisk, og kosta berre SEK 5 å bruke. Dei var jamvel reklamefrie!

Vi har presentert forslaget for byråd Iversen, som svarte i bystyret at ho syntes bygget var for stygt. Til det er det å seie at det finst verre bygg i Bergen en dette. Og om ho synes det er betre at innbyggjarar og turistar må ty til kommunale og private busker, så får ho meiner det. Eg deler ikkje det synet. Og er det no så forferdeleg, så kan kommunen fjerne det når byrådet endeleg har fått på plass dei toaletta dei har lova i fleire år å bygge.

Dessverre så spår eg at får ein ny sommar og meir regn før dette byrådet held det dei har lova. Men kanskje sit dei ikkje etter valet? Det er berre 54 dagar att og då kan vi byte dei ut.

Ps, under eit besøk i Geiranger i fjor sommar kunne eg inspisere toalettforholda der. Ei bygd med 400 innbyggjar hadde eit imponerande tilbod til turistane. Med 5 turistskip på fjorden den dagen, og mange gjennomreisande i tillegg, var det kort kø, toaletta var reine og endåtil gratis, og det på Sunnmøre! Slik er det ikkje i Bergen når 5 turistskip legg til kai samstundes.

Ps2, om nokon var i tvil, toaletta i Geiranger var også utan reklame!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar